Mandag 10. september

Sted: GALLERI BI-Z, DRONNINGENS GATE 39

Tid: 1800

KUNSTUTSTILLING: UTSTILLING + INNSTILLING =

Kine Hellebust stiller ut i Galleri Bi-Z under Protestfestivalen 2018.

Åpning v/ fakultetsdirektør for kunstfag på UiA og leder i Kristiansand Arbeiderparti Jan Oddvar Skisland

Med eit tjuetals verk i ulik storleik vil ho spegle det nærveret og den styrken det ligg i det ho kallar åleine-prosessen ein kunstnar oftast arbeidar i. Bileta hennar visar både kraftige og vàre uttrykk, og skildrar stemningar og opplevingar frå natur og sivilisasjon på fleire plan.
Hellebust er utdanna mosaikkarbeidar (2012 – 2015) under Marit Bockelie, men har også lang røynsle som kunstfotograf (2010 -). Det er denne sjangeren utstillinga representerer.
Sjølv kallar ho metoden Fotografikk; eit grafisk uttrykk, som går ut på å manipulere fotografiet på data. Dette vil ho fortelje om på Galleri Bi-Z, under årets protestfestival.

Hellebust seier at å arbeide åleine ikkje er kongruent med å vere einsam. Georges Moustaki skreiv ei vise på 60-talet som han kalla ”Je ne suis jamais seul avec ma solitude: Eg er aldri einsam med åleineheita mi”. Som ein varm vind kom denne poetiske visa frå Paris til Nord-Noreg i hippie-tida; til ein landsdel der det var – og framleis er – langt mellom husa og menneska.
Derfor vel ho å seie at denne utstillinga ikkje er ei utstilling om einsemd, men ei utstilling om innstilling til korleis ein kan leve med kvardagen sin om ein torer å skifte perspektiv i livet sitt når ein treng det.

Kine Hellebust er kjent som skodespelar, songar, dramatikar, komponist og er også billetkunstnar.
Ho er mest kjent for rollen som sentral del av Tramteatret og Pelle Parafins bøljeband.


Kjøp billett på Ticketmaster.no