Kl. 18.00 FOREDRAG: UTVANDRING: Til Amerika – i tru og naud?

4. september 18:00, BYGLAND KULTURSCENE, BYGLAND

 

 (200,- gjelder alt i Bygland)

Kjøp billetter

 

Mørkhagen er ein av dei fremste formidlarane av soga om den norske utvandringa til Amerika. Med sitt skarpe blikk for både dei store linene og dei små menneskelagnadene har han gitt oss eit levande bilde av det
som kanskje er den mest omfattande folkeforflyttinga i norsk historie. Gjennom bøker som «Farvel Norge», «Vestover» og «Drømmen om Amerika. Innvandringen fra Norge 1825-1000» har Mørkhagen vist korleis
over 800 000 nordmenn drog frå heimlandet i håp om eit betre liv – og korleis dette prega både dei som drog og dei som blei att. Han har klart å kombinere grundig historisk forsking med litterær forteljarevne, og dermed gjort denne viktige delen av den nasjonale arven tilgjengeleg for eit breitt publikum. Mørkhagen evnar å trekke ut dei menneskelege aspekta i utvandringshistoria – lengselen, trua, motet og saknet – og setter alt dette inn i ein større historisk og samfunnsmessig samanheng. I samband med 200-årsjubilett er det derfor ei ekstra stor glede at han vil
ta turen til Protestfestivalen og Bygland for å snakke om dette. Setesdal var eitt av dei områda der utvandringa til Amerika var særleg omfattande, sett i forhold til folketalet. Ein reknar med at omtrent halvparten av befolkninga emigrerte i løpet av utvandringsbølga. Mellom 1865 og 1915 mista fleire setesdalskommunar 30-60 prosent av folketalet til utvandring. Det er hevda at det bur fleire menneske med røter frå Setesdal i USA enn i sjølve dalen.

 

v/ journalist, forfattar og forleggar Sverre Mørkhagen (f.1949)

 

 (200- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter