13:00 FOREDRAG: KULTUR OG OPPLEVELSE

29. AUGUST 13:00, BYGLAND KULTURSCENE, BYGLAND

 

 (200- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter

 

Burde eit opplevingssenter for Setesdalskjempene og Neverettens tidsalder få rotfeste i Bygland? Det får vi ikkje svar på her, men kanskje på nødvendigheita av å gi oppleving, kultur og kreativitet fritt spelerom i et bygdesamfunn som treng folk? I avisa Gudbrandsdølen blir kvinna frå Nes på Ringsaker kalla for «Fenomenet Edel Urstad». Ho starta grasrotrørsla «Mening, mat og mot», som set mattryggleik, forbrukarmakt, kunnskapsbygging, folkeopplysning og betydninga av levande lokalsamfunn på dagsordenen. Det handlar
om kveldssamlingar, foredrag og møter, om engasjement og handling. Helaften-arrangementa samlar fulle hus på kulturhus overalt. Betydninga av levande lokalsamfunn er essensen. Skal vi ha beredskap og matproduksjon
må det vere folk og aktivitet nok i distrikta til at det gir bulyst, stoltheit og at det er attraktivt å bu der, meiner ho. Ho starta også opplevingsvegen Midt i Mjøsa i 2006, som i dag har 22 opplevingsbaserte verksemder.
Etter det kom mediedekning, merksemd, TV-sendingar, nominasjonar og prisar – og ikkje minst arbeidsplassar. I 2016 lanserte ho verdas første Prøysenkolleksjon. Året etter kom kongeparet på besøk. Kva skjedde, og
korleis kan Bygland og Setesdal lære av henne? I 2009 vann ho Bygdeutviklingsprisen. Ho driv Galleri Hjerterom på ein gard, der et ku-fjøs er omgjort til galleri der ho har designa eigne klede etter at ho måtte slutte med dyr pga alvorleg allergi. Der har dei no drive designgalleri og klesproduksjon i 20 år. Edel design – hennar eige klesmerke har hatt opp mot 10 tilsette. Edel er utdanna på Ås og har master i Internasjonal mattryggleik. Ho har også jobba i Canadas villmark med indianske ungdommar og kollegaer – med 2 vekers villmarksturar og har drive same
ungdomstilbod i Noreg i 13 år.

 

Foredrag av

Edel Urstad

 

 

 (200- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter