4. SEPTEMBER 20.30, BYGLAND KULTURSCENE, BYGLAND
(200- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter
«Hvis Frp får gjennomslag, må det norske landbruket kjempe mot megagårder i Nederland. Da vil enda flere gårder legges ned,» skriv Maja Krogtoft Klevsta, som er sentralstyremedlem i Kristelig folkepartis Ungdom, i avisa Nationen. Leiar av Bonde- og småbrukarlaget Tor Jacob Solberg åtvarar mot utviklinga. Blant bønder er det misnøye med politikarar på venstresida og med fagrørsla. Mange er skuffa over Senterpartiets innsats i regjering, som ein tapt sjanse for bøndene. Kan det gjere at mange av dei vil stemme på FrP og Sylvi Listhaug? Veit dei i så fall kva dei gjer? Sjølv om Listhaug som landbruksminister i si tid, dreiv hardkøyr mot bøndene og gjorde skade ved å endre regelverket for landbruket; blir ho hugsa som ein politikar med samsvar mellom det ho sa og det ho gjorde, meiner Solberg. Men han trur ikkje det blir betre med Frp. På andre sida: Kan den urolege situasjon i verda gjere at Frp får auga opp for kor viktig det er at vi er sjølvforsynte, og kva nøkkelrolle bøndene i Noreg har? Distriktspolitikken har fått auka fart i negativ lei.
Eit offentleg utval foreslår slutt på postlevering i postkassene. Skulenedleggingar skaut fart medan Senterpartiet sat med regjeringsmakt. I distrikt som midt-Østerdalen og Gudbrandsdalen har offentlege skular og arbeidsplassar aldri vorte lagde ned i så høgt tempo som no, skreiv distriktsbebuar og tidlegare gründer Kristin Evensen Mathiesen i Nationen. Professor emeritus Audun Helge Nerland, som vaks opp i ei utkantbygd på 1960-talet, meiner det skjer aktiv dødshjelp for bygdene.
Men kan det tenkast at dramatiske endringar i den internasjonale situasjonen vil slå positivt ut for distrikts-Noreg? I ei usikker verd med instabilitet, handelskrig, utrygg forsyningssituasjon, militære konfliktar og frykt for storkrig kan bygdene kanskje stå fram som eit tryggare og meir harmonisk alternativ til det urbane livet? Vil behovet for å trygge norsk matforsyning tvinge fram ei auka satsing på norsk landbruk med positive ringverknader for distrikta?
Når Hilde Charlotte Solheim, kjent gjennom mange år frå toppjobbar innan reiseliv og styreverv, nå har kjøpt seg gard i Tinn i Telemark er det kanskje eit teikn i tida?
Debattanter: