18:00 SEREMONI: BEGIVENHET

29. AUGUST 18:00, BYGLAND SENTRUM

 

Avduking av statuen «Bjørgulv med stuten» med Aslaug Frøysnes, Odd Jørgensen og Arne Thomassen Grunngivinga for å få opp denne statuen i Bygland er denne: Bjørgulv Myhola (1872-1968) var ein institusjon i Bygland og i Setesdal gjennom det lange livet sitt. Men han var så mykje meir enn det. Bjørgulv levde ikkje berre for dei som levde i faren tid. Han var ein levande reklameplakat for Setesdal i all si tid. Han var òg eit vindauge mot framtida. Han gjekk aldri med noko anna ein setesdalsbunaden og talte det opphave- lege dølemålet. No når delar av kulturen frå Setesdal er hamna på UNESCOs verdsarvliste gjer det grunngivinga for statue sterkare. Bjørgulv brukte mykje av livet sitt som historieforteljar, det var det han vart
kjent for. Og det synlege bilete «Bjørgulv med stuten» gjorde at han var som ein magnet på turistar og dei unge som vaks opp i dalen. Han var opptatt av å ta vare på «tidsalderen til neveretten» og ikkje minst forfedrane sine, setes- dalskjempene Bjørgulv Uppstad og Knut Bjørgulvson. Han var ingen smågut sjølv heller. Det var Bjørgulv som sørgde for at steinen Knut løfta (314 kg) i dag ligg med bronseplakett utanfor rådhuset, som eit symbol på denne tida.