4. september 18.45, BYGLAND KULTURSCENE, BYGLAND
(200- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter
Etter Irland var Noreg det landet i Europa som hadde størst utvandring til Nord-Amerika, sett i forhold til folketalet. I år er det jubileum for den første organiserte norske utvandringa. Sluppen «Restauration» gjekk ut frå
Stavanger med 52 passasjerar om bord. Da dei nådde fram til New York, var dei blitt éin til, kapteinen og kona hadde fått ei dotter. Agder blei etter kvart den delen av Noreg som prosentvis hadde størst utvandring til «over there». Kvinesdal, Lista og Setesdal låg særleg høgt. I dag har Amerika ei mengde etterkommarar av nordmenn. Er det ikkje snart på tide at Agder gjer klart for eit utvandrarsenter i landsdelen, både for å minnast og for å halde fast ved dei tradisjonelle banda til USA?
I panelet