20:00 DEBATT: Elendig norsk selvforsyning?

2. SEPTEMBER KL. 20:00, KINOEN, EVJEMOEN, EVJE

 

(200,- gjelder alt i Evje) Kjøp billetter

Har pandemoen og krigen vore ein augeopnar?

Pandemien førte til brei diskusjon om kvifor Noreg ikkje er sjølvforsynt med medisinar og mat. Krigen i Ukraina intensiverte debatten. Mykje av auken i matprisar og straumutgifter hang saman med krigen. Ukraina er Europas kornkammer, og kva skjer når omverda ikkje lenger har tilgang til den kjelda? Hans Bårdsgård i Nationen skreiv i mars om dette: «Svartjorda ved Svartehavet er ekstremt fruktbar, det er våronntid. Dessverre er det ekstremt lite fristende for bonden å sitte på traktoren under beskytning av jagerfly».

 

Noreg seiest å vere det landet i verda som har lågast grad av sjølvforsyning. Har vi vore for godtruande og tenkt at vi kunne kjøpe all den maten vi treng? Det er berre to år sidan Solberg-regjeringa avviste Stortingets krav om å attreising av beredskapslager for korn. Etter ein pandemi og ein russisk invasjon ser vi at det uventa kan skje så raskt at regjeringa ikkje rekk å sette i verk nødvendige beredskapstiltak.

 

Finland har derimot alltid vore føre var. Då Noreg og Sverige etter slutten av den kalde krigen kutta i forsvarsutgiftene, heldt finnane fast på sitt invasjonsforsvar. Landet har også store beredskapslager for korn, brensel, medisinar, kjemikaliar og andre nødvendige råvarer. Og dei har fleire tilfluktsrom enn oss. Axel Hagelstam, direktør for planlegging og analyse i Försörjingsberedskapcentralen, sier til Aftenposten at erfaringane frå vinterkrigen 1939-1940 sit att i den finske mentaliteten. Lærdommen var at landet må kunne klare seg sjølv. Magnus Håkenstad, som er forskar ved Institutt for forsvarsstudium seier at finnane har ein tankegang som er nøktern, hardkokt og målretta.

 

Debattantar:

 

Debattleiar:

Sylfest Lomheim

(200,- gjelder alt i Evje) Kjøp billetter

 

COVID-19: SMITTEVERN

Alle arrangementer under Protestfestivalen forholder seg til de smittevernregler som gjelder ved arrangementstart. Det er begrensede plasser.