1800 DEBATT: EU: TRENGST DET EIN NY DEBATT OM EU OG EØS?

31. AUGUST 18:00, BYGLAND KULTURSCENE, BYGLAND

 

(200,- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter

 

For få år sidan advarte Senterpartiet sterkt mot norsk tilslutning til EUs energibyrå Acer, og om dei konsekvensane det ville få. Men få ville høyre på dei. Nå sit partiet i regjering og mistar stemmer på grunn av det dei sjølve var imot. Kommentator Andreas Slettholm skreiv i ein kommentar i Aftenposten: «EU-byrået Acer har makt til mer enn bare å løse tvister. Hadde konspirasjonsteoretikerne rett likevel?». I innlegget viser han til at «flere ferske avgjørelser viser at Acers makt ikke er helt bagatellmessig likevel».

Nei til EU meiner makta til Acer er større enn det Stortinget forutsette i 2018. I fleire år har organisasjonen ført kamp i rettsvesenet for å få kjent Stortingsvedtaket om tilslutninga ugyldig. Bjørnar Moxnes i Raudt meiner Støre verkar heilt ubekymra om temaet: «Kjernen i saken er den nasjonale kontrollen over vannkraftressursene. Det er et spørsmål av strategisk betydning for Norge,» mener Moxnes. Fleire Ap-ordførarar har tatt til motmæle mot Støre og meiner AP-toppane må lytte til signala frå grasrota om straumpris-krisa. Éin av dei er Valle-ordførar Steinar Kyrvestad. Han krev handling for å sikre meir nasjonal kontroll med straummarknaden. Per Olof Lundteigen har vore ein av dei hardaste kritikarane av straumpolitikken, sjølv om han representerer regjeringspartnaren Senterpartiet: «Regjeringen skylder på norske vannkraftprodusenter når det man virkelig skulle skylde på, er for høy kabelkapasitet til utlandet».

Nei til EU skriv på heimesida si at 15. februar 2023 bekrefta EU-domstolen det som Nei til EU sammen med store delar av fagrørsla og 122 ordførarar har sagt, at Acer har tatt over den overordna styringa av norsk energipolitikk. Klassekampen har peika på at Acer har fått meir makt etter ei avgjerd i EU-domstolen som gir byrået myndigheit til å fatte vedtak om handel og tryggleik, akkurat slik Senterpartiet i si tid advarte mot. Sp’s Marit Arnstad har nå bede om full stopp i vidare integrering i EU’s energimarked. Terje Søviknes i FrP meiner derimot at dette konspirasjonsteoriar. Elisabeth Sæther, statssekretær i Olje- og energidepartementet, hevdar at «å begrense kraftflyten på bakgrunn av pris vil i praksis være en eksportrestriksjon som bryter med EØS-avtalen».

Debatten om EU og Acer held fram. Uansett fram. Avisene Dagbladet og Klassekampen har hatt ein disputt om Acers makt. Bjørgulv Braanen avfeiar på leiarplass Dagbladets påstand om «Acers ubetydelighet» ved å skrive at dette EU-byrået har «utvidede myndigheter i grenseoverskridende spørsmål».

 

Debattanter

Debattleder:

Halvor Fjermeros

 

(200,- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter