21.00 DEBATT PRAT OM BUSETTING må staten ta ansvar for å sikre bustadbygging i distrikta?

29 AUGUST 21:00, BYGLAND KULTURSCENE, BYGLAND

 

 (200- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter

 

Carl O. Gjeving, administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund, vil at Husbanken skal vere ein meir offensiv deltakar i husbygging i distrikta. Han meiner at staten må bidra med subsidiar for at måla om busetting skal bli nådd. Bustadprisane i delar av distrikt-Noreg er så låge at kostnadene med å bygge langt overstig
marknadsverdien, når eit hus er ferdig. Gjevings utspel harmonerer med det Steinar Kyrvestad, tidlegare ordførar
i Valle, sa til NRK i fjor. Han meinte at skal bygdene lykkast, trengst det ein bustadpolitikk som gjer at det løner seg å bygge. Han illustrerte situasjonen slik: Bygger du bustad i Valle, blir verdien redusert med 50 prosent den dagen nøkkelen blir vridd om. Som konkret mottiltak foreslo han momsfritak for bustader i distrikta, både for nybygg og for restaurering. I tida som ordførar utfordra Kyrvestad også kommunar i same situasjon til å gå i lag for å søke regjeringa om pengar til ein bygdevekstavtale for tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta
næringsutvikling i dei minst sentrale delane av landet.

 

I panelet:

 

Debattleiar:

Anne ekornholmen

 

Kunstnarisk innslag:

Thor Magnus Tangerås leser frå sin nye diktsamling
«Landskap med vindturbinar»

 

 (200- gjelder alt i Bygland) Kjøp billetter